– Dette har vore ein merkeleg vinter

Terje Steinar Vallestad målte heile 42 centimeter med snø i løpet av eitt døgn tysdag.

Terje Steinar Vallestad målte heile 42 centimeter med snø i løpet av eitt døgn tysdag. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Med det siste snøfallet som har komme det siste døgnet, håpar skientusiastar at snøen skal halde ut vinteren.

– Ja, no håpar eg verkeleg at denne snøen vert liggande. Det har vore ein merkeleg vinter, og her oppe i Viksdalen har vi hatt tre store snøfall. Vi fekk det første rett føre jul. Då kom det 40–50 centimeter, men det forsvann like etterpå. Men så kom det eit kraftig snøfall første helga i januar på minst 70 centimeter, og då trudde vi at det skulle vare. Men nei, da. Regn og mildvêr forsvann raskt med den snøen også, seier Terje Steinar Vallestad i Viksdalen.

42 centimeter på tysdag

Men no håpar han at dei 42 centimetrane som kom i løpet av eitt døgn sist tysdag, skal halde lenge.

– Og eg har mange med meg i dalen på at no vil vi ha snø ei stund. Det er altfor tidleg å snakke om våren, ler Vallestad som også er hovudansvarleg for preparering av skileikanlegget dei har bygd på Hoffslåttene.

– Her oppe i 450 meters høgde er det no heilt ideelle tilhøve. Eg har jobba på spreng med denne snøen som har komme, og vi satsar på å opne skileikanlegget til helga. Då blir det varmt i varmestova, og truleg mange glade friluftsutøvarar i bakkane, seier Vallestad og er svært glad for at snøen endeleg har komme.

Venta og venta

– Vi som er opptekne av at det skal vere litt snø, har gått og venta og venta. Og det var jubel då snøen kom på tysdag. Eg jobbar sjølv i Førde, og forstod at med dei store regnmassane som kom der, så måtte det lave ned med snø i Viksdalen. Men at det skulle komme heile 42 centimeter i løpet av eit døgn, det var meir enn vi hadde forventa. Ikkje minst med tanke på at den første snøen som kom no også var tung. Dermed har den danna eit godt grunnlag for den lettare snøen som kom seinare, seier Vallestad som torsdag kveld kan rapportere om fem-seks minusgrader i Viksdalen.

– Og det er stjerneklart ute. Så den snøen vi har fått no, kan sjå ut til at den blir liggande. Og vi håpar berre at vi får litt ekstra snø til helga. For vinteren er på langt nær over, seier Vallestad.

Artikkeltags