Lastebil har køyrt i bergknaus på E39

UHELL: Ein lastebil køyrde i grøfta mellom Sande og Myrmel måndag 2. desember.

UHELL: Ein lastebil køyrde i grøfta mellom Sande og Myrmel måndag 2. desember. Foto:

Ulukka har skjedd ved E39 ved Myrmel.

DEL

Alle naudetatane rykker ut til trafikkulukka i Gaular.

Ein lastebil skal ha køyrt i bergveggen ca. 1 km sør for Myrmel, opplyser Vest politidistrikt som fekk meldinga 12.32.

– Vi snakkar med førar som hevdar seg uskadd. Trafikken går sakte forbi staden.

Klokka 13.11 var alle naudetatane komne fram.

Ifølgje Firda sin journalist på staden har lastebilen køyrt nær 100 meter med eine hjulet i grøfta før bilen stoppa i fjellknausen.

Sjåføren av lastebilen er sendt til lege på Sande for sjekk. No held bilbergar på å fjerne lastebilen frå grøfta, opplyser politiet like etter 13.30.

Artikkeltags