Fv. 610 i Gaular stengt grunna flaum. Blir ikkje opna måndag

HØG VASSTAND: Slik ser det ut ved fv. 610 ved Hestad måndag morgon.

HØG VASSTAND: Slik ser det ut ved fv. 610 ved Hestad måndag morgon. Foto:

Eit strekke på 700-800 meter skal vere under vatn nær Hestad kapell.

DEL

Det melde Vegtrafikksentralen Vest måndag klokka 08.14. Like før klokka 16.00 melder VTS at vegen ikkje opnar måndag.

Trafikkoperatør Kjetil Molvær ved Vegtrafikksentralen i Lærdal fortel til Firda at flaumen er nær Hestad kapell.

700-800 meter

– Det skal vere eit ganske stort strekke som er overfløymd. Vi har fått meldingar om eit strekke på 700–800 meter, seier Molvær.

Han fortel at fleire har meldt inn flaumen, og at ein som køyrde i ein amerikanar med hengar melde at vasstanden var så høg at han fekk vatn opp i hengaren.

Opnar truleg ikkje før tysdag

Ein entreprenør er på staden, og ettersom grunnen til flaumen er at vasstanden i Hestadfjorden og Viksdalsvatnet har stige kraftig, er det venta at vegen truleg ikkje vil bli opna før tysdag

– Her er det naturen sjølv som må gjere jobben, men vi vil opne så snart det er mogleg, seier Molvær.

Tilrådd omkøyringsmoglegheit er no via fv. 421, men trafikkoperatøren legg til at dette berre er for mindre køyretøy.

Fv. 609 opna att – sjå vegmeldingar her

Medan fv. 610 vart stengt måndag morgon, kom meldinga om at fv. 609 ved Heilevang no er opna att.

Vegen vart stengt laurdag klokka 17.00, og vart deretter vurdert gjennom helga utan at ein fann vegen trygg å opne. Vegvesenet meldte vegen open klokka 07.45 måndag, etter at den var vurdert klokka 07.30.

Her kan du sjå ei oversikt over statusane til vegane i fylket.

Artikkeltags