Person har fått eit tre over seg

HENTA: Eit helikopter frå Florø vart sendt for å hente personen. Skadeomfanget er enno ukjent.

HENTA: Eit helikopter frå Florø vart sendt for å hente personen. Skadeomfanget er enno ukjent. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

GAULAR: Er henta med helikopter frå Florø.

DEL

Ulykka skal ha skjedd under arbeid med treffelling, melder Operasjonssentralen i Vest politidistrikt laurdag føremiddag.

Hendinga var meldt klokka 11.32, og naudetatane skal vere på veg til staden.

Operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Arve Samsonsen, fortel til Firda klokka 11.43 at det er sendt eit helikopter frå Florø for å hente personen.

– Vi veit enno ikkje noko om skadeomfanget, seier Samsonsen.

Operasjonsleiaren seier at dei enno ikkje veit så mykje om ulykka. Politiet vart varsla om hendinga av AMK.

Klokka 12.58 fortel Samsonsen at personen er frakta til traumemottak. Kva sjukehus han er frakta til, er politiet ikkje kjent med.

– Når det gjeld skadene veit vi ikkje anna enn at det er meldt om skader i rygg og nakke, seier Samsonsen.

Artikkeltags