Motorsyklist har køyrt i grøfta i Gaular

Førar send til Førde sentralsjukehus i luftambulanse.

DEL

Luftambulanse og naudetatane er sendt til fv. 610 i Gaular, etter at ein motorsyklist har køyrt i grøfta måndag ettermiddag.

Det blir meldt av politiet klokka 16.54.

Det skal ikkje vere andre enn motorsyklisten involvert i ulykka, og like før klokka 17 blir det meldt at føraren av motorsykkelen er sendt til Førde sentralsjukehus i luftambulanse.

Trafikken skal flyte greitt forbi ulykkesstaden, ifølgje operasjonssentralen i Vest politidistrikt.

Operasjonsleiar Dag Olav Sætre fortel til Firda at ulykka skjedde i ein sving ved Hestad.

– Slik patruljen på staden har skildra det, skal sykkelen ha treft autovernet. Føraren skal då ha blitt kasta av og sykkelen har halde fram utover i grøfta, seier operasjonsleiaren.

Han fortel at føraren var bevisst og tilsnakkande då han vart teke hand om av helsepersonell.

– Han vart då sendt til sjukehus med luftambulanse. Noko meir om skadeomfanget veit vi ikkje, seier Sætre.

Det er 80-sone på ulykkesstaden. Operasjonsleiaren fortel at det no er avslutta på staden, og at ulykka baud på få trafikale problem i ettertid.

– Det er ein lite trafikkert veg, seier han.

Artikkeltags