Bil har køyrt av vegen på E39 i Gaular

Det var éin person i bilen, melder politiet.

DEL

Klokka 14.04 tysdag melder operasjonssentralen i Vest politidistrikt at ein bil har køyrt av vegen på E39 i Gaular.

Ulykka skal ha skjedd ved Sandaskåpet mellom Myrmel og Sande.

Det var ingen andre bilar involvert i ulykka, og det var heller ingen andre enn førar i bilen.

Føraren er meldt som oppegåande etter ulykka, ifølge politiet.

Artikkeltags