Skulle varme opp bilen, gløymde å sette på handbrekket

Politiet fekk melding om ei trafikkulykke, frå ein nabo som hadde sett ein bil stå ute på eit jorde.

DEL

Klokka ti over sju torsdag morgon fekk politiet melding om eit trafikkuhell. Politiet rykte då ut til Bjørvikstranda, der uhellet hadde skjedd.

Det viste seg då politiet kom på staden at ikkje alt var slik dei trudde. Forklaringa på at bilen hadde hamna ute på jordet var litt annleis enn det politiet og andre først trudde. Det viste seg at ein person som bur i området hadde starta opp bilen for å varme den opp. Men gløymt ein viktig ting. Å sette på handbrekket. Dermed hadde bilen teke av heilt på eiga hand, og hamna ute på eit jorde.

– Personen som hadde starta opp bilen var inne i huset igjen då bilen begynte å trille. Ingen personar kom til skade, seier operasjonsleiar Hans Eirik Thue i Vest politidistrikt.

Artikkeltags