Bil har køyrt av vegen på fv. 610 ved Døskeland bruk

Artikkelen er over 1 år gammel

GAULAR: Det blir meldt om store skader på bilen, men føraren av bilen er uskadd.

DEL

Ein bil har fått store materielle skader etter ei utforkøyring på fv. 610 ved Døskeland bruk i Gaular, melder politiet 19.42 laurdag kveld på Twitter.

Det blir meldt om at trass i skadane på bilen, så opplyser føraren at det går bra med han. Føraren var åleine i bilen då ulykka skjedde.

Naudetatane vart sendt til staden, og klokka 20.21 blir det meldt at politi og ambulanse er på staden.

Føraren er uskadd, men bilen har store skadar som tidlegare meldt.

Det blir vidare rapportert frå operasjonssentralen at det er lite trafikk på staden, og at bilbergar er rekvirert.

Artikkeltags