Person vandra langs E39, det fekk uroleg sjåfør til å ringe politiet

– Vi får mange slike telefonar frå folk.

DEL

Like før midnatt onsdag kveld fekk politiet melding om ein person som gjekk langs E39 ved Sande.

– Sjåføren var litt bekymra for vedkommande, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt.

Slike meldingar er slett ikkje uvanleg:

– Vi får nokre slike telefonar av og til frå folk som er urolege for personar som går langs vegar. Men med mindre personen er inne i ein tunnel, er fulle eller til fare for seg sjølv, så plar vi ikkje gjere noko.

Kolltveit oppmodar dei som går langs vegane om å vere påpasselege.

– Ver forsiktig og ikkje gå for langt ut i vegbana. Her må folk ta ansvar sjølve, for vi veit at påkøyrslar og dødsfall langs vegane skjer.

Artikkeltags