Ordføraren etterlyser skilt-tjuv

Artikkelen er over 3 år gammel

GAULAR: Skiltet har hengt på familietomta så lenge Mathias Råheim har levd. No vil han ha det tilbake.

DEL

Kan den eller dei som «LÅNTE» dette historiske skiltet for ca. 2–3 veker sidan utan å spørje om lov, vere så bra å levere det attende. Det har stor verdi for MEG, skriv Gaular-ordførar Mathias Råheim på Facebook måndag kveld.

– Eg fekk eit tips om at eg burde legge det på Facebook. Det var ein glimrande idé, for sidan eg la det ut er det delt av nesten 200. Det er heilt fantastisk, og nesten litt rørande, seier Råheim.

Les også: Nickolai skulle hente røykelaks verdt 1000 kroner, men tjuven kom før han

Gammal telefonstasjon

Postskiltet som Råheim er fråstole har hengt på veggen på sperrestova på familiegarden i over 70 år. Det stammar frå tida då garden hadde telefonstasjon, og telefon var langt frå allemannseige.

Sjølv var råheim løpegut for folk som venta telefonar i bygda, og minnast at han fekk bodpengar for jobben.

– Det har hengt det så lenge eg har levd, og lenger. Eg vart trist då er oppdaga at det var borte, seier han.

Har framleis håp

Kvifor skiltet vart stole, det veit han ikkje. Men han reagerer på at det er stole frå garden som ligg kloss i vegen, som han seier.

– Nokon har sagt til meg at det kan vere verdt litt, så det kan vere nokon som ser verdi i skiltet, eller som er samlar sjølv. Eg trur ikkje nokon har stole det berre for å gjere det mot meg, seier ordføraren.

Sjølv er det ikkje verdien i kroner og øre som er viktig for Råheim. Skiltet ønsker han svært gjerne å få att grunna personleg verdi, og han har framleis eit håp om at skiltet skal dukke opp att.

Skiltet er nemleg ikkje så vanleg, og Råheim kjem sjølv til å halde eit vakent blikk framover, saman med dei som veit om tjuveriet via Facebook.

– Det skal vere lett å kjenne att, seier han, og legg til at hans skilt har ein skade på venstre side.

Artikkeltags