Marianne vart svindla for 24.000 kroner av utleigeselskap på sydenferie

SVINDEL: Marianne Hoff trudde ho hadde leigd denne feriebustaden. Då ho kom ned budde det ein annan familie i huset som aldri hadde leigd ut.

SVINDEL: Marianne Hoff trudde ho hadde leigd denne feriebustaden. Då ho kom ned budde det ein annan familie i huset som aldri hadde leigd ut. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

GAULAR: Då ho og reisefølget kom fram til feriehuset, viste det seg å vere ein privatbustad som aldri hadde vore til leige.

DEL

– Vi vart møtt av ein spansk familie som budde i huset. Dei sa dei hadde budd der i fleire år og at dei aldri hadde leigd ut. Dei skjønte ingenting då vi plutseleg stod der og ville flytte inn, seier Marianne Hoff frå Viksdalen til Canariajournalen, som først omtalte saka.

Telefon var ikkje i bruk

Reisefølget på åtte reiste til Gran Canaria den 11. februar. Feriehuset «Villa Claribel» i Arguineguin var betalt på førehand til utleigeselskapet Canary Island Holiday Rental.

Då dei kom til huset og skjønte at her var det noko som ikkje stemte, prøvde Hoff å ringe utleigeselskapet. Då kom ho til ein svarar som sa at telefonen ikkje var i bruk.

– Der stod vi då, åtte personar, med ingen plass å bu og fulle hotell overalt, seier ho.

Den spanske familien i huset var hjelpsame og køyrde reisefølget til eit hotell i nærleiken. Dessverre var dette fullt. Tilfeldigvis kjende reisefølget andre frå Viksdalen som var på Gran Canaria på same tid, så første natta fekk dei sove på ekstrasenger på altanen deira.

Dagen etter fekk dei tak i to andre leilegheiter.

– Viss ikkje hadde vi måtta forandre flybillettane og reist heim, seier Hoff.

Pengane tapt

Opphaldet i erstatningsleilegheitene kosta ca. 36.000 kroner, og med det dei allereie hadde betalt for huset, vart totalsummen på 60.000 kroner berre i overnattingsutgifter.

– Det vart ein skrekkeleg dyr ferie, ja, seier Hoff.

Ifølgje Canariajournalen er det fleire nordmenn som har blitt svindla av same utleigeselskapet. Dei har også funne fleire åtvaringar mot selskapet på reisesider på Internett.

Etter heimkomst har Hoff prøvd å få kontakt med utleigeselskapet fleire gongar utan å lukkast. No har ho meldt saka til politiet.

– Det er trasig å oppleve dette. Men det er eg som har gjort feil ved å betale og tru på det. Pengane vi betalte inn med bankoverføring får vi nok ikkje tilbake. Eg håpar at folk ikkje blir lurt fleire gongar, seier ho.

Firda har også prøvd å kome i kontakt med utleigeselskapet utan å lukkast.

Artikkeltags