Vegvesenet har kravd Eltel og Sunnfjord Energi for 1,7 millionar kroner

RUINERT: Då Vegvesenet var på synfaring var Den Trondhjemske Postvei i 60-70 meters lengde greven opp, og både vegskulder og grøft var heilt vekke.

RUINERT: Då Vegvesenet var på synfaring var Den Trondhjemske Postvei i 60-70 meters lengde greven opp, og både vegskulder og grøft var heilt vekke. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

GAULAR: Årsaka er at Vegvesenet meiner selskapa øydela eit kulturminne då dei skulle flytte ein straumkabel i mars 2017.

DEL

Det skriv NRK Sogn og Fjordane.

Sunnfjord Energi blir kravd for vel ein million kroner i erstatning, og ei bot på 200.000 kroner. Den siste har dei godteke. Eltel har førebels ikkje teke stilling til kravet på 100.000 kroner i bot og vel 350.000 kroner i erstatning.

– Vi vedgår at vi har gjort ein feil, så vi vedtek bota. Derimot meiner vi erstatningskravet ikkje står i stil med skadane som har skjedd, seier nettsjef Arild Fleten i Sunnfjord Energi til NRK.

Statens vegvesen melde Telenor, Sunnfjord Energi og Eltel politiet i januar i år. Bakgrunnen er at dei fekk tips om at det var gjort gravearbeid på Den Trondhjemske Postvei i Gaular den 30. mars 2017. Under ei synfaring fann Vegvesenet ei gravemaskin var i full gang med å grave opp ei lengre strekke av postvegen.

Denne delen av postvegen er verna, og det er Statens vegvesen si oppgåve å sørge for at vernet vert akseptert.

Fleten seier til NRK at dei trudde det var greitt å grave der fordi det var greve der før.

– Men vi burde undersøkt dette grundigare og gått fram på ein korrekt måte, seier han.

Reparasjonane etter gravearbeidet vil koste over 1,5 millionar kroner, opplyser avdelingsdirektør Svenn Egil Finden i Statens vegvesen.

Telenor, som leigde inn Eltel til å gjennomføre jobben, vart også politimelde etter gravearbeidet. Dei er no frikjende. No skal retten vurdere kor mykje erstatning Sunnfjord Energi må betale.

Artikkeltags