Ladar snøkanonane – minusgrader så langt vêrmeldinga kan spå

SESONG: Det er lite natursnø, men skisgåarane er allereie i gang. No kjem minusgradene og snøkanonane står klare. Foto: Langeland ski- og fritidssenter
GAULAR: Ti centimeter snø er ikkje nok for trakkemaskina, men folk har trakka spor i ei veke.
– Det ser litt skummelt ut. Eg trur ikkje Vårherre hjelper oss på denne sida av nyttår, seier Magne Øvrebø, driftsleiar ved Langeland ski- og fritidssenter.
Snø skal det bli likevel. Det er ikkje meldt nedbør, men vêrmeldinga viser blå grader langt fram i tid. Skisenteret har derfor sendt ut dugnadslister og ber om at mannskapet som kan med snøproduksjonstår klare. Første vakt er sett opp ved midnatt natt til onsdag.
– Kor tid vi kjem i gang kjem an på kor kaldt det blir, men vi skal vere klare, seier Øvrebø.
Trakkemaskina har ikkje vore i sporet sidan 18. april, men ho får kanskje prøve seg i den asfalterte delen av løypa ganske snart. Med det nye produksjonsanlegget ligg det til rette for storproduksjon om vêrmeldingane held det dei lovar.
– Vi får berre krysse fingrane. Siste vi prøvde rauk begge pumpene, men no fungerer alt igjen, seier Øvrebø.
– Når kan vi begynne å gå på ski?
– Du kan gå i dag om du vil. Her har det gått folk kvar dag heile veka, men løypa er berre tromla.
Kommentarer til denne saken