Større vasslekkasje på Sande – oppfordrar til å bruke minst mogleg vatn

Det vert no leita etter ein større vasslekkasje på Sande. Fram til den er funnen og utbetra, oppfordrar kommunen til å bruke så lite vatn som mogleg.

DEL

Meldinga gjekk ut til alle med kommunalt vatn på Sande. Grunna det som blir omtala som ein større vasslekkasje oppfordrar Sunnfjord kommune no alle i området å bruke mist mogleg vatn fram til ein får kontroll på lekkasjen.

Det kan bli periodar der vatnet blir vekke eller stengt under arbeidet med å finne lekkasjen.

Teknisk vakt i Sunnfjord kommune fortel til Firda klokka 22.20 at han er på leit etter lekkasjen. Området ein leitar innanfor er per no ikkje meir avgrensa enn heile området knytt til Sande vassverk.

– Alt vi veit no, er at det er ein stor lekkasje. Det vart meldt på våre varslingssystem no i kveld, seier vakta.

Per no er ikkje vatnet stengt av, men oppfordringa om å bruke minimalt med vatn kjem grunna at ein ikkje kan etterfylle medan lekkasjen pågår.

– Men vi har litt vassreserver enno, seier teknisk vakt.

Ole Johnny Kapstad, ansvarleg for vatn og avløp på Sande, fortel til Firda at på same måte som det vart varsla om lekkasjen, vil det bli varsla når den er funnen og utbetra.

Han fortel at mannskapet frå teknisk drift no er ute for å finne feilen. Kapstad er heller ikkje kjent med noko geografisk avgrensing for kvar ein leitar etter lekkasjen. Dermed gjeld oppfordringa alle som er knytt til vasskjelda i bygda.

– Alle får vatn frå samme kjelda. Oppfordringa er for å halde nede forbruket, seier Kapstad.

Artikkeltags