Sande var utan vatn

BROT: Ein vassleidning på Sande er graven over.

BROT: Ein vassleidning på Sande er graven over. (Foto: )

GAULAR: Uhell under gravearbeid.

DEL
<div id='netboard-1'> <script> googletag.cmd.push(function() { googletag.display('netboard-1'); }); </script> </div>

Tilbod: Firda i 5 veker for 5 kroner!

Sande sentrum var utan vatn onsdag kveld etter eit uhell under graving i sentrum.

– Det var eit uhell dei hadde. Dei skulle kople om noko i natt, og så har dei hatt eit uhell. No jobbar dei med saka. Det er vanskeleg å vite nøyaktig kor tid vatnet kjem att, sa Mathias Råheim, ordførar i Gaular kommune onsdag kveld.

Uhellet skjedde under førebuingane til eit arbeid som var planlagt utført natt til torsdag.

Ved åttetida i kveld var sentrum, inkludert Gaular bygde- og sjukeheim, utan vatn.

– Vi hadde mannskap kjapt ute, og det tok ikkje veldig lang tid før alle hadde fått att vatnet, seier Råheim til Firda torsdag føremiddag.

Artikkeltags