Firda skreiv måndag om blandingshunden Teddy, som hadde rømt frå heimen sin i Bygstad laurdag.

Den bortkomne hunden vekte stort engasjement på Facebook, og svært mange melde si interesse for å hjelpe til å leite etter han.

Tysdag kom gladmeldinga om at hunden var komme tilbake til eigarane. Men kvar dukka den utforskande hunden opp? Jo, på altanen på huset heime.

– No er vi svært glade, og svært solbrente, seier Bodil Johanne Øyra.

Kom frå Sogn for å hjelpe

Paret har nemleg vore ofte på leit på fjellet etter Teddy, i håp om at dei skulle finne han att. Dei var heller ikkje åleine. Etter at det vart lagt ut fleire saknameldingar på Facebook, og Firda og NRK Sogn og Fjordane skreiv om hunden, vart mange med å leite.

– Det at så mange har vore med, det er overveldande, seier Solheim.

– Vi hadde ikkje trudd at det fans så mange dyrevener der ute. Det er sjukt at så mange har engasjert seg, legg Øyra til.

No vil dei takke alle for hjelpa dei fekk. Særskilt til Magni og Sverre Fure, som eig mora til Teddy. Dei hadde teke vegen eins ærend frå Sogn for å hjelpe til å leite.

– Då dei kom ned att til huset etter leitinga, fann dei han ved altanen. Det var jo kjekt at dei fekk sjå han før dei reiste, seier Solheim.

Søv på golvet

Teddy har funne seg til rette i heimen att, og ligg og søv på golvet når Firda ringer eigarane.

No kan familien slappe av att, etter nokre dagar med nervene i heilspenn. Borna er på campingtur, men gler seg til å få møte hunden att.

– Vi er også glade for alle trøystande ord og omtanken vi har fått frå vener. Det har vi sete utruleg stor pris på, seier Øyra.