Skisenteret kan puste letta ut - får likevel pengane

FÅR PENGAR: Langeland skisenter slepp no å låne pengar for å ferdigstille dette huset.

FÅR PENGAR: Langeland skisenter slepp no å låne pengar for å ferdigstille dette huset. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

NÆRING: Langeland ski- og fritidssenter AS risikerte å få 114.000 kroner mindre enn planlagt i momskompensasjon. No har regjeringa snudd og skisenteret får pengane likevel.

DEL

No får Langeland ski- og fritidssenter AS truleg att all momsen på rulleskianlegget.

Tidlegare denne veka skreiv Firda at regjeringa kom med forslag om å gi ei avkorting på 6.25 prosent på all bygging av idrettsanlegg som i mai fekk lovnader om momskompensasjon. Dette ville føre til at idrettslaga rundt om i Norge risikerte å måtte betale ein samla sum på 19 millionar kroner. I så fall ville skisenteret sitte att med eit minus på 114.000 kroner. 

Får full utteljing

Ifølge VG, kjem regjeringa med ei ny melding og skisenteret kan puste letta ut.

– I nysalderinga av statsbudsjettet for 2018 foreslår Regjeringa ei tilleggsløyving på 19 millionar kroner til momskompensasjon for ved bygging av idrettsanlegg. Dette betyr at alle dei godkjende søknadsbeløpa i 2018 blir innvilga, går det fram av ei pressemelding frå regjeringa.

Skisenteret på Langeland og talrike andre norske idrettsanlegg får med andre ord ei gladmelding frå kulturminister Trine Skei Grande (V) og regjeringa.

– Bygging av idrettsanlegg er avgjerande for å nå målet vårt om idrett og fysisk aktivitet for alle. Kompensasjonen av meirverdiavgift gjer det lettare å finansiere investeringar i idrettsanlegg og stimulerer utbygging av nye anlegg, seier kulturministeren ifølge VG.

Stortinget må gi sitt ja før tildelinga blir gjeldande. Dette skjer seinast 15. desember.

Hamar (V): Vi har jobba for dette

Atle Hamar, statssekretær i Miljø- og klimadepartementet, seier det var viktig for Venstre å få full momskompensasjon i boks.

– Her handlar det om anlegg som treng desse pengane, og der folk legg ned ein stor frivillig innsats. Eg reknar med at Kjetil Bjørset og dei andre eldsjelene ved Langeland er glade i dag, seier Hamar.

– Det er veldig bra at dette kom på plass, seier Venstre-politikaren. Han meiner kostnadene ved å drive skianlegg også blir påverka av faktorar som klimaendringane:

– Den klimautviklinga vi er vitne til gjer at det fleire stader er avgjerande å ha snøproduksjon også i langrennsanlegg, seier Atle Hamar.

Artikkeltags