Traktorhengar har kvelva utfor vegen på fv. 610

UHELL: Hengaren kvelva over autovernet.

UHELL: Hengaren kvelva over autovernet. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

POLITI: Det skal ikkje vere snakk om personskade, opplyser politiet.

DEL

Ein traktor med hengar skal ha køyrt utfor vegen på fv. 610 mot Hestad i Gaular.

Vakthavande på lensmannskontoret i Førde opplyser at hengaren har kvelva ned i ein skråning, medan traktoren står på alle fire. Etter det politiet veit skal hengaren ha losna.

Ein del av autovernet og ein vaier på ein stolpe skal ha fått små skadar som følgje av uhellet.

– Ulukka har skjedd ca. 1,5 km frå Sande sentrum mot Hestad. Hengaren som kvelva var lasta med tømmer. Entreprenøren vår har vore på staden og som ein konsekvens av ulukka har det kome ein liten disellekkasje. Utover det veit vi ikkje meir, fortel Katrina Kvåle i Vegtrafikksentralen i Bergen.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags