Motorsykkel og lastebil i trafikkuhell i Viksdalen

ULUKKE: Ein lastebil og ein motorsykkel krasja på fv. 610 ved Matbjøra på Viksdalen fredag ettermiddag.

ULUKKE: Ein lastebil og ein motorsykkel krasja på fv. 610 ved Matbjøra på Viksdalen fredag ettermiddag. Foto:

Alle naudetatane rykte ut til Matbjøra.

DEL

Klokka 16.10 fredag melde Vest politidistrikt om eit trafikkuhell på fv. 610 i Viksdalen i Gaular.

Ein lastebil og ein motorsykkel hadde kollidert. Førar av motorsykkelen melde seg sjølv oppegåande, men klagde over skade i ei skulder etter ulukka.

– Ulukka har skjedd ca. to kilometer frå Sande. Motorsyklisten har vore borti framfangaren på lastebilen, seier operasjonsleiar Terje Magnussen til Firda klokka 16.15.

Klokka 17.08 opplyste politiet at brannvesenet og ambulanse var framme på staden.

– Ulukka har skjedd ved Matbjøra, så litt lenger mot Viksdalen enn det vi først melde, seier Magnussen.

Innsatsleiar Synnøve Domben opplyser til Firda klokka 17.30 at årsaka til ulukka førebels er ukjent.

– Mannen som køyrde motorsykkelen er frakta til sjukehuset i Førde. Skadeomfanget er ukjent, men han var oppegåande då han reiste, seier Domben.

Vegen forbi ulukkesstaden var stengd i ein liten periode grunna ulukka, men er no open. Bilbergar frå Førde er bestilt, opplyser innsatsleiaren.

Det er oppretta sak på hendinga, opplyser operasjonssentralen. Ifølgje dei skjedde ulukka då motorsykkelen måtte stoppe for lastebilen. Motorsyklisten fekk då skrens og det var då kollisjonen skjedde.

INNSATSLEIAR: Synnøve Domben i Vest politidistrikt.

INNSATSLEIAR: Synnøve Domben i Vest politidistrikt. Foto:

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags