Gratis brannbil også i Gaular og Lærdal

Ein slik type brannbil

Ein slik type brannbil Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Tre kommunar i fylket får nye brannbilar i gåve.

DEL

Måndag fekk brannsjef Bernhard Øberg i Førde og Naustdal beskjeden om at Naustdal får ein ny brannbil i gåve frå Gjensidigestiftelsen.

Bilen er ein bil av typen «framskoten eining», som vil seie ein varebil med lasta med brannutstyr laga for rask respons, som er køyrbar med førarkort klasse B.

Same dag vart det klart at også Gaular kommune og Lærdal får tilsvarande brannbilar i gåve, som har ein verdi på ein million kroner.

– Alle bilane skal leverast i september, på Rådhusplassen i Oslo, seier Solbjørg Steiro Herstad i Gjensidigestiftelsen Sogn og Fjordane.

Artikkeltags