Her har det passert 4000 laksar og sjøaure

OSFOSSEN: Elvestrekket på nordsida av Osfossen er ein populær stad for laksefiske. I sommar fekk også 30 ungdommar prøve seg der under «Camp Villaks».

OSFOSSEN: Elvestrekket på nordsida av Osfossen er ein populær stad for laksefiske. I sommar fekk også 30 ungdommar prøve seg der under «Camp Villaks». Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

GAULAR: Lakseteljaren ved Osfossen i Gaula har målt tidenes resultat.

DEL

– Det er den beste sesongen etter at teljeapparatet kom opp.

Det seier Harald Lervik, som eig området på nordsida av Osfossen. Han kan rapportere om eit historisk år for teljeapparatet i laksetrappa i fossen. Ved siste rapport 4. september, viste teljaren at det hadde passert 2714 laksar og 735 sjøaurar.

Ved sesongslutt har dei komme godt over 3000 laksar og 1000 sjøaurar, men sluttrapporten er ikkje klar enno, fortel Lervik.

Høgste talet nokosinne

Dette er ifølge Lervik den beste målinga sidan teljaren kom opp i 2005, heile 28 prosent betre enn den nest høgste målinga. Lervik gir honnøren til elveeigarlaget.

– Etter av vi fekk elveeigarlaget i 2006, så blei det ei gradvis endring av fiskeforvaltinga. Ein har blitt flinkare til å passe på at det er nok gytefisk, for å sjå kor mykje fisk ein kan ta ut av elva. Ein har rett og slett blitt meir forsiktig med uttak av fisk. Eg skal ikkje seie noko bastant, men eg trur dette er ein medverkande årsak til oppgangen, seier Lervik.

Lervik merka allereie i sommar at det var uvanleg mykje laks i Gaula.

Laksefiske som normalt
I sommar fekk også ungdommar prøve seg på laksefiske ved Osfossen. Her: Petter Porten (15) med den første fisken, og elveeigar Harald Lervik i bakgrunnen.

I sommar fekk også ungdommar prøve seg på laksefiske ved Osfossen. Her: Petter Porten (15) med den første fisken, og elveeigar Harald Lervik i bakgrunnen.

Han driv Lervik Gard, som tilbyr overnatting, laksefiske, turar og andre aktivitetar. Lervik seier dei har vore fullbooka heile sommaren. Sjølv om laksetrappa har vore travel i år, har det ikkje blitt fiska opp meir laks.

– Vi hadde ein normalt god sesong med tanke på mengde fisk vi tok opp. Det var liten forskjell på 2015 og 2016, sjølv om det har gått langt fleire fiskar gjennom teljaren i år. Det står ikkje alltid i forhold til kvarandre, seier han.

Artikkeltags