Kvinne omkom etter bilulykke

Ein person omkom i ei trafikkulykke i Bygstad tysdag.

Ein person omkom i ei trafikkulykke i Bygstad tysdag. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Hamna i klem under bilen.

DEL

– Ein person er bekrefta omkommen, seier Gunnar Englund, innsatsleiar ved Førde og Naustdal lensmannskontor, til Firda sin reporter på staden, like før klokka 12 tysdag.

Klokka 10.42 melde politiet i Sogn og Fjordane at ein person var fastklemt under ein bil etter eit trafikkuhell i Bygstad i Gaular.

– Ulykka skjedde då bilen rygga. Bilen har komme ut i kanten og kvelva over på sida. Passasjeren i bilen vart fastklemt under bilen, og omkom i ulykka. Begge var i bilen då hendinga skjedde, seier operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Inge Værøy

Tilsett i NRK

NRK Sogn og Fjordane melder at den omkomne er ein NRK-tilsett som var på jobb då ulykka skjedde.

Politiet opplyser at det var to kvinner i bilen. Den omkomne passasjeren var i 50-åra. Det melder politiet like etter klokka 14.30.

Til Firda seier distriktsredaktør Kai Aage Pedersen at dei tilsette i NRK er varsla om hendinga.

– Meldinga vart motteken med sjokk, både i NRK Sogn og Fjordane og i NRK si nyheitsavdeling.  

Sjølv var Pedersen i eit møte i NRK i Oslo då han fekk meldinga, men er på veg heim no.

– Både i NRK Sogn og Fjordane og i nyheitsavdelinga i Oslo var medarbeidarane samla til informasjonsmøte der tilsette fekk stille spørsmål og uttrykke si sorg, seier Pedersen.

Ved snuplassen ved Storehesten

Politi, ambulanse og brannkorps rykte ut til staden.

– Det er sannsynlegvis ein bil som har prøvd å snu som har komme utfor ein bratt skrent og velta på sida. Ein person har komme i klem under bilen. Personen blei bekrefta omkommen av lege på staden, seier Englund til Firda på staden.

    Klokka 11.25 melde politiet at personen var frigjort og bekrefta omkommen.

    Firda sin reporter på staden opplyser at ulykka skjedde i nærleiken av snuplassen ved Storehesten.

    Artikkeltags