Vasstanden går nedover, fleire vegar vert opna

VÊRET: Vasstanden er på veg nedover i mange vassdrag, og Statens vegvesen opnar fleire vegar i morgontimane.

DEL

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) ventar at vassføringa vil falle raskt i dei fleste vassdrag når det regnar mindre og temperaturen vert lågare. Einskilde vassdrag vil framleis ha flaumvassføring på oransje nivå.

Gult er lågast og raudt er høgste nivå for flaumvarsel.

Vurderer Askvoll-Førde

Rasutsette fylkesveg 609 Askvoll-Førde ved Heilevang vart stengt like før midnatt på grunn av jordras og fare for ras. Første vurdering vart gjort klokka 09.00, men Vegvesenet melder at ei ny vurdering vil bli gjort klokka 12.

Delar av strekninga Osen bru–Eldalsosen på fylkesveg 610 i Gaular kommune er framleis stengt, på grunn av at store mengder vatn har fløymt inn i vegbana.

Har opna i Stardalen

Fylkesveg 453 i Stardalen i Jølster, Klakegg–Fonn, vart opna klokka 05.35 måndag, etter å ha vore stengt store delar av helga.

Fylkesveg 604 gjennom Jostedalen er opna igjen etter flaum i helga. Det same gjeld fleire vegar i Hordaland.

Stengingar i indre Sogn

Fylkesveg 53 Kolnostunnelen–Finnsåstunnelen på strekninga Fodnes–Årdal er framleis stengt etter at det gjekk eit steinras der seint søndag kveld. Ny vurdering måndag klokka 11.

Det same gjeld fleire strekningar i indre Sogn, på grunn av flaum og jordras.

Sjå oversikten frå Statens vegvesen her.

Fylkesveg 55 Skjolden–Fortun vart opna klokka 07 måndag morgon, etter at vasstanden i elva har gått kraftig ned.

– Vêret har roa seg og entreprenørane har vore tidleg ute og starta opprydding. Likevel står det att ein del oppryddingsarbeid og vi ventar på dagslys for å gjere ei endeleg vurdering, seier trafikkoperatør John Andreas Omdal.

Slik blir bussrutene

Grunna stenginga av fv. 53, er det sett opp buss over Årdal – Tyin slik:

Frå Årdal:
Årdalstangen: 06.50
Øvre Årdal: 07:40
Håbakken 09:00 (Korrespondanse med buss til Bergen)
Fodnes 09.20
Sogndal 09:50

Til Årdal:
Sogndal 07:55
Lærdal 08:45
Håbakken 09:00
Øvre Årdal 10:20
Årdalstangen 10:35

Vegvesenet varslar ei ny vurdering om opning kl. 11.

Ingen nye evakueringar

Det har vore ei roleg natt for politiet, og det har ikkje vore nye evakueringar eller andre oppdrag knytt til flaum og ras natt til måndag, melder Vest politidistrikt.

Artikkeltags