Dei er sjeldne, men er eit sikkert vårteikn

Desse tranene vart observerte på Bringeland i Gaular i påskeveka.

Desse tranene vart observerte på Bringeland i Gaular i påskeveka. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

GAULAR: – Dei kjem att kvar einaste vår.

DEL

I påskeveka kunne Irene Kårstad observere eit tranepar på jordet like ved der ho bur på Bringeland i Gaular kommune.

– Dei kjem att kvart einaste år, og er eit sikkert vårteikn for oss, seier Kårstad som også fekk fotografert paret medan dei gjekk rundt på bøen.

Vore lenge

– Dei er vanlegvis veldig sky, og kastar seg på vengene med ein gong du prøvar å nærme deg, seier Kårstad og meiner at dei har sett tranepar på same staden på Bringeland i minst 10–15 år.

– Eg hugsar ikkje sikkert når vi såg dei for første gong, og veit heller ikkje om det er dei same fuglane som kjem kvart år. Men i fjor såg vi at dei hadde ein unge med seg. Så det er aldri godt å vite, seier Kårstad.

Kan bli vanlegare

Firda har også tidlegare hatt saker på tranepar i det same området, og då sa ornitolog Terje Lislevand ved UiB at det kunne bli meir vanleg med traner i framtida.

– Kanskje vil vi at sjå fleire av desse flotte fuglane slår seg til og hekkar på Vestlandet dei kommande åra, sa Lislevand.

Trana er mest vanleg på Austlandet, men finst også nordover og på Sørlandet. Dessutan er den vanleg i Nord-Sverige, Finland og Russland.

– Noko av kjenneteiknet er den merkelege trompetlyden dei brukar når dei kallar på kvarandre. I fjor kom først den eine, og den «ropte og kalla» lenge på den andre. Og plutseleg var dei samla igjen, seier Irene Kårstad og opplever ofte på kveldstid at lydnivået på tranene kan bli tydeleg.

– Det er som oftast størst aktivitet på kvelds- og nattetid. Og det er ein veldig merkeleg og sterk lyd dei lagar, seier ho.

Nokre observasjonar

Ifølge nettstaden artsobservasjoner.no har det til no vore svært få observasjonar av trane hittil i år. Men det vart observert to tranepar ved Sørestrandsvatnet i Høyanger i påska. Dessutan brukar det ofte vere registreringar ved Hafslovatnet i Sogn.

Artikkeltags