Gravemaskin reiv ned luftspenn – det førte til at 1500 kundar var utan internett

Artikkelen er over 2 år gammel

GAULAR: Ei gravemaskin under transport reiv med seg både eit kryssande linjespenn og fleire stolpar.

DEL

Uhellet skjedde på fv. 610 mellom Sygna og Sande søndag formiddag. Fleire stolpar på kvar side av vegen blei også øydelagde i tillegg til at fiberkabelen i luftspenn rauk med.

Konsekvensen blei at 1500 kundar i Gaular, Gulen, Solund, Hyllestad og Høyanger var utan nett heile søndag.

Ifølge Magnus Line, pressekontakt i Telenor, var entreprenøren raskt på staden og fekk montert kabelen ved 22- tida søndag kveld.

Etter den tid skal alle kundane ha fått breiband tilbake. 

– Kor mykje kosta reparasjonen, og er det noko sjåføren blir lasta for?

– Det har vi ikkje oversikt over enno. I slike situasjonar er vi først og fremst opptekne av å få fiksa feilen så raskt som mogleg for at kundane skal få breibandet tilbake. Vi sjekkar i ettertid rutinemessig om den som er skuld i skaden har opptredd forsvarleg, svarar Line. 

I Gaular miste to mobilbasestasjonar sambandet samtidig, noko som også gav konsekvensar for betalingsterminalar som blei betente av breiband. 

Artikkeltags