Kvinne i 40-åra klikka heilt og knuste inventar i Gloppen, mann i 50-åra teken for fyllekøyring i Gaular

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Politiet stansa i natt ein bil med ein mann i slutten av 50-åra bak rattet i Gaular. Det melder politiet på Twitter.

Mannen var rusa på alkohol, og vart teken med til lege for at det skulle takast blodprøve.

– Blodprøven synte at mannen hadde ein promille på meir enn 1, seier Frode Kolltveit som er operasjonsleiar ved Vest politidistrikt.

Politiet kverrsette mannens førarkort, og bilføraren vert meldt for køyring i rus.

------

Ei kvinne i 40-åra oppførte seg i natt trugande og utagerande på ei privat adresse i Gloppen.

– Kvinna hadde klikka heilt, og mellom anna knust inventar. Ho hadde òg skadd seg i ei hand slik at AMK (Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral. Journ. mrk.) kalla ut ambulanse, fortel Kolltveit.

Då politiet ambulansetenesta kom til staden kunne dei slå fast at kvinna var så rusa og skadd at ho først vart teken med til Gloppen legesenter for kontroll, før politiet tok ho med seg og sette ho i fyllearresten i Førde.

Kvinna vert meldt til politiet av patruljen som tok hand om ho, skriv politiet på Twitter.

Artikkeltags