Tilrigginga av anleggsområdet vil føre til redusert mengd parkeringsplassar for ein periode. Det melder lufthamnsjef, Kjell Otto Gjesdal, i ei pressemelding.
Det er entreprenør Åsen & Øvrelid som har fått i oppdrag å bygge nytt driftsbygg, vaskehall, sandlager og lager for ureina snø på Bringeland.

Gliser breitt over kontrakt med Avinor på Bringeland
Meir enn halvert kapasitet
Frå normalt tilgjengeleg 130 parkeringsplassar vil det frå 22. mai av vere ned mot 60 parkeringsplassar tilgjengeleg, i tyngste anleggstida – som vil vere no i mai og utover, skriv Gjesdal i pressemeldinga.
For rørslehemma, leigebilar og drosjer vil det ikkje vere nokon endringar i kapasitet.
Reis kollektivt
Gjesdal oppfordrar flest mogleg til å reise kollektivt til flyplassen med flyplassbussen, eller bli køyrt av kjentfolk.
All parkering for dei tilsette er flytta vekk, for å ha mest mogleg plass til reisande. Gjesdal håpar at desse tiltaka vil halde for at det skal vere plass til dei som må nytte eigen bil til og frå flyplassen under byggeprosessen.
Nye plassar til hausten
Omkring august/september vil Avinor starte arbeid med å etablere parkeringsplassar for ladbare køyretøy ved lufthamna. Det vil då bli plass til mellom seks og åtte plassar med lademoglegheiter.