Akkurat nok snø til ein skitur

Artikkelen er over 4 år gammel

Trass i lite snø – Camilla Fuglesang Eide og mannen Vidar Espeland Eide fekk sin første skitur rundt Gjøset måndag.

DEL

– Vi var nesten heilt åleine. Vi såg nokre skispor opp Damefallet, elles var det berre oss og naturen, seier Camilla Fuglesang Eide.

Camilla og Vidar var i Førde på juleferie. Måndag passa farmor ungane, slik at dei kunne få ta seg ein skitur på Langeland.

– Det var ikkje mykje snø, men vi gjekk faktisk på fjellski fram til Gjøsetstølen. Myrane var frosne, så der gjekk det fint an å gå. Det var derimot litt lite snø i bakkane, og frå Gjøsetstølen måtte vi ta beina fatt tilbake til parkeringsplassen.

Camilla fortel om ein fin tur der sola til slutt kikka fram.

– Vi såg mange dyrespor på vegen; hare, mus og noko som vi trudde var jerv. Akkurat då vi kom fram til Gjøsetstølen, kom sola. Det var så fint, seier Camilla.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken