Kjøtvekt var pølsevev

Artikkelen er over 2 år gammel

FORBRUKAR: Cecilie målte vekta på kyllingpølsene. Dei viste seg å vege berre litt over halvparten av det produsenten lova på pakningen.

DEL

Cecilie Sundli frå Sande skulle kose seg med Prior Grillpølser av kylling og kalkun. I pakken var det ti pølser med 40 prosent mindre feitt.

– Eg hadde ei oppskrift der eg trong 400 gram. Så tok eg fram vekta for å finne ut kor mykje eg trengde, for det sto 600 gram på pakken. Då enda det med at alle pølsene blei 352 gram. Då vart eg litt sett ut, seier Sundli.

Skryt av kundeservicen

Ho tenkte med ein gong at noko måtte vere feil med vekta.

– Eg tok av alt og vog på nytt sikkert to-tre gonger. Det vart nøyaktig same vekt kvar gong, seier Sundli.

Ho seier at vekta er av god kvalitet, og i hyppig bruk sidan ho bakar mykje. Ho har dessutan kontrollert vekta på andre ting. Det var ikkje mykje vatn i pakken heller, som kunne forklare vekttapet. Ho sende difor epost til Prior der ho forklarte saka, og fekk svar med ein gong.

– Det gjekk sikkert berre ti minutt før dei svara at dette sjølvsagt ikkje skal skje, og at dei ønskte å kompensere meg for mi uheldige oppleving. Eg var ikkje sint, men syns dette var super kundeservice, seier Sundli.

Maskinell eller operatørfeil

– Slik skal det ikkje vere. Vi har funne ut kva parti det gjeld og eg har allereie gitt beskjed til fabrikksjefen i Tønsberg, der desse pølsene vert produsert, seier kommunikasjonssjef Åse Kringlebotn i Nortura, som eig Prior.

Når det står 600 gram på pakken gjeld dette nettovekt, det vil seie berre pølser, ikkje forpakting. Kringlebotn seier at regelverket tillèt eit slingringsmonn på 15 gram på den aktuelle pakken, med andre ord at kjøtvekta kan variere mellom 585 og 615 gram. 

– Alle matprodukt inneheld vatn, så det vil alltid vere litt lekkasje frå produktet avhengig av lagrings- og transporttilhøve. Det er likevel ikkje nok til å forklare det som kunden opplevde. Vi veit ikkje heilt sikkert kva avviket skuldast, men vi trur det er maskinell feil eller operatørfeil, til dømes i samband med vaktbytte. Det vil alltid vere ein viss feilmargin, men dei fleste vert oppdaga på fabrikken eller butikken. Vi må berre stole på forbrukaren, og kan ikkje anna enn å beklage dette, seier Kringlebotn.

Ho seier vidare at dette ikkje er noko vanleg hending, og kan ikkje hugse at noko liknande har skjedd dei siste fire åra.

Førti prosent mindre

Då Sundli la ut saka på sosiale medium, kommenterte ein av venene hennar:

– Det står jo 40 prosent mindre feitt på pakken. Dei har berre gløymt å erstatte det med meir kjøt.

600 gram minus førti prosent er 360 gram, så kommentaren var ganske treffande.

Frå no av kjem vekta til Cecilie til å verte meir brukt:

– Eg kjem til å sjekke ting litt meir no, ja, seier ho.

Artikkeltags