Såg ulv i Sunnfjord- no blir fellingsløyvet forlenga

UTVIDAR LØYVET: Fylkesmannen utvidar fellingsløyvet på ulv etter at rovdyret har herja i Sunnfjord. Denne sauen blei drepen av ulv i Guddal.

UTVIDAR LØYVET: Fylkesmannen utvidar fellingsløyvet på ulv etter at rovdyret har herja i Sunnfjord. Denne sauen blei drepen av ulv i Guddal. Foto:

LANDBRUK: Ulven som herjar fylket, skal nyleg ha blitt sett i området Sygna- Guddal. Med nær 8000 småfe på beite, er skadepotensialet stort, meiner fylkesmannen, som no gir jaktlag løyve til å drepe ulven.

DEL

Ein mogleg observasjon av ulv og DNA-funn i området Sygna- Guddal den 22. juli, gjer til at Fylkesmannen no har forlenga fellingsløyvet mellom Dalsfjorden og Sognefjorden.

Det melder Fylkesmannen på sine heimesider.

Ifølge Statens naturoppsyn, er det knytt usikkerheit til observasjonen, der ein person meiner han såg ein ulv krysse vegen.

Det opphavlege løyvet blei gitt etter funnet av eit dødt lam i Guddalen. Statens naturoppsyn meinte ulv truleg stod bak.

Tidlegare i juli blei det funne skadde og drepne lam i Naustdal, og lammet i Guddalen blir sett i samanheng med dette.

Fylkesmannen viser til at det er stort skadepotensial i området som har om lag 7800 småfe på beite, og det er framleis lenge att av beitesesongen.

Fellingsløyvet er gitt til Guddal beitelag, Flekke beitelag, Fjorden og Dale beitelag og Gaular beitelag, og gjeld frå og med 26. juli og fram til 1. august.

Skadefellingsområdet er avgrensa til området mellom Dalsfjorden og Sognefjorden, avgrensa mot aust av E39 og elva Gaula. Dermed femnar skadefellingsområdet om kommunane Fjaler og Hyllestad, og delar av Gaular og Høyanger, melder Fylkesmannen. 

Ifølge Rein-Arne Golf i Statens naturoppsyn, har dei ikkje fått svar på DNA-prøvene etter funnet i Sygna-området enno.

Artikkeltags