Hallvard Hatlestad blei lokka med at han kan nå ut til 65.000 personar på Viksdalen

Artikkelen er over 3 år gammel

GAULAR: – Viss vi får ein slik folkevekst på Viksdalen, er det veldig artig.

DEL

Det seier viksdøl Hallvard Hatlestad om Facebook-annonsen.

– Dette var jo litt artig å sjå no i desse kommunesamanslåingstider. Viss vi får ein vekst på 65.000 personar på Viksdalen er det veldig artig, men det hadde nok blitt litt fullt, seier viksdølen Hatlestad.

Han la ut ein skjermdump av det heile på Facebook-sida si, med kommentaren:

«Facebook har noko høge tankar om kva ein kan oppnå med å annonsere digitalt».

Innlegget hans hausta tomlar opp i hopetal og nokre vittige kommentarar.

– Ikkje verst! Men om alle viksdølar slår til og samlar slekt og venner på same dag så kjem du kanskje over ti-gangen, kommenterer ein.

Bur rundt 400 på Viksdalen

Hatlestad bur på Hamar, og jobbar med kursing i dataprogram gjennom bedrifta si På Rett Kurs. I tillegg har han nokre nettsider som ikkje er så aktive.

Facebook fann difor ut at dei skulle lokke Hatlestad med at han kan nå ut til fleire. Facebook tilbyr nemleg at fleire får sjå postane dine om du betaler ein sum.

Men å nå ut til 65.000 folk i Viksdalen er eit ganske luftig løfte med tanke på at det bur om lag 400 personar der.

– Ikkje alt på internett er sant

Har ikkje Facebook betre kontroll på folketal?

Jo, det har dei. Men ikkje på desse autogenererte aktivitetane sine. Det som skjer her er at dei ser på kor mange aktivitetar eg har mot folk frå Viksdalen, og så lagar dei automatiske tal ut ifrå sannsynleg eksponering i Norge. Dei tar ein viss prosent av dei eg har kommunikasjon med, kven som har treff på mi side og likande. Det blir litt interessante utslag når robotar lagar tal, seier han og legg til:

– Ikkje alt på internett er sant. Det er viktig å hugse på i desse fake news-tidene, seier han.

Artikkeltags