Matthew og Mirjam hadde buplikt og fekk ikkje huslån. Då tenkte kommunen seg om ein ekstra gong

Då Mirjam Elisa Middelwijk og Matthew Bowness kjøpte garden Vindheim i dåverande Gaular i 2018, kravde kommunen buplikt i 5 år. Då det unge paret søkte bustadlån fekk dei nei. Buplikta gjorde eigedommen nær verdilaus.