Fylkestinget heiar på Nynorskhuset: Vil ha teateret med

VIL GJERE NYNORSKKLYNGA KOMPLETT: Med meir turnéaktivitet og heimebase i Nynorskhuset i Førde, vil Sogn og Fjordane teater bli viktig for å sikre nynorsken sin posisjon og identitet i fylket. Skissa syner eit av fem forslag til korleis Nynorskhuset kan bli.

VIL GJERE NYNORSKKLYNGA KOMPLETT: Med meir turnéaktivitet og heimebase i Nynorskhuset i Førde, vil Sogn og Fjordane teater bli viktig for å sikre nynorsken sin posisjon og identitet i fylket. Skissa syner eit av fem forslag til korleis Nynorskhuset kan bli. Foto:

FØRDE: Tysdag sa fylkestinget ja til å bli med på laget for å få teateret inn i Nynorskhuset.

DEL

Dermed får Sogn og Fjordane teater innvilga sin søknad om auke i driftstøtta, slik at dei får dekt utgiftene som høgare husleige og rolla som turnéteater i det nye fylket vil gi. Avgjerda føreset at Førde kommune og staten tek sin del av rekninga når den tid kjem.

Nøyaktig kva slags rolle fylkeskommunen skal ha vidare i arbeidet med å få på plass Nynorskhuset i Førde, skal dei sjå nærmare på.

Nynorsk høgborg

Politikar etter politikar uttrykte si støtte til eit teater med veksesmerter. Samtidig understreka dei verdien av å få teateret inn saman med Firda, NRK og journalistopplæringa ved Nynorsk avissenter og Nynorsk mediesenter.

Med teateret og mediehusa under same tak vil Nynorskhuset bli ei viktig høgborg for å sikre posisjonen til nynorsken, både i fylket og nasjonalt. Då vil eit nynorskteater som kan turnere rundt i det nye fylket, kunne komme godt med.

Samtidig håpar politikarane at Nynorskhuset, som den største nynorskklynga i landet, vil stille sterkt i konkurransen mot større medieklynger, som til dømes Media City i Bergen.

– Dette vil styrke nynorsken sin posisjon i media, og vere bra for rekrutteringa til eit allereie sterkt fagmiljø, meinte Sigurd E. Reksnes (Sp).

Følger opp kulturhandlingsplan

Frank Willy Djuvik (Frp) nytta anledninga til å stille nokre kritiske spørsmål ved tilrådinga.

– Seier tilrådinga at vi er positive til at teateret inngår ein intensjonsavtale om å leige i Nynorskhuset, eller seier den kor mykje vi skal bidra med?

Teateret har i sin søknad bedt om 6 millionar til leigeutgifter og 12 millionar til turnéaktivitet. Dette er grove kostnadsoverslag frå teateret, var svaret frå fylkesrådmann Tore Eriksen.

Vedtaket følger opp kulturhandlingsplanen som vart vedteken på same møtet. Den seier at dei skal støtte opp om arbeidet om å realisere Nynorskhuset i Førde.

Artikkeltags