– Uvêret kom brått

OVERRASKA: Anne Kristin Eitungjerde er fungerande Fylkesmann. Ho seier det kraftige uvêret kom brått på.

OVERRASKA: Anne Kristin Eitungjerde er fungerande Fylkesmann. Ho seier det kraftige uvêret kom brått på. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

FLAUM: Fungerande Fylkesmann Anne Kristin Eitungjerde seier at Fylkesmannen følger situasjonen nøye.

DEL

Fylkesmannen har vore dialog med Stryn, Gloppen og Eid for å få oversikt over situasjonen, og kva ressursar som skal settast inn.

– Førebels har vi fått informasjon om at sivilforsvaret er mobilisert. Elles skal det som kan gjerast vere gjort, seier ho.

Fylkesmannen planlegg nye møte med kommunane seinare i dag.

– Stryn skal ha oppretta krisestab, men det veit vi meir om etter eit møte som er planlagt seinare i dag. Vi vurderer også fortløpande om vi skal sette fylkesberedskapsrådet, seier Eitungjerde.

Folk skal vere trygge

Firda har vore i kontakt med fleire som er evakuerte, fanga og på andre måtar råka av flaumen. Eitungjerde rår folk til å halde seg i ro og følge råd frå politi og kommune.

– Så vidt vi veit fungerer telefonnettet. Folk som kjem i ein situasjon der dei treng hjelp kan ta kontakt med politi eller kommune.

– Kjenner de til om folk er i fare no?

– Nei, det gjer vi ikkje. Så langt er informasjonen at folk er evakuerte og trygge. Vi har ikkje informasjon om at det er fare for liv og helse så langt, men det er store materielle øydeleggingar slik vi forstår det.

– Verre enn varsla

Vervarslinga sende ut varsel søndag om lokalt kraftig nedbør, men det vart ikkje gjort førebuingar med tanke på varselet.

– Kom vêret brått på trass varselet?

– Ja, det må eg seie. Denne hendinga var mykje meir alvorleg enn det vi forstod på varselet som kom i går. Vi fekk ikkje varsel som gjorde at vi varsla vidare til kommuane.

Ho meiner det har vore hendingar av mindre omfang enn denne, som det har vore varsla meir alvorleg om.

– Men vi forstod i morgontimane at dette var alvorleg, og sette i gang med arbeidet. Så langt vi veit skal kommunane ha gjort det samme.

Det kan komme fleire byer lenger vest

Berga ut to personar frå hus 

E39 er stengd på grunn av flaum 

Artikkeltags