Fylkesmann Hamre har fått ny jobb

NY JOBB: Anne Karin Hamre begynner i ny jobb i november. Foto: Vidar Ruud, ANB
FYLKET: Anne Karin Hamre skal framleis jobbe for distrikta når ho no skal til i ny jobb.
– Dette er utruleg stas, seier Fylkesmann Anne Karin Hamre.
Etter sju år som fylkesmann i Sogn og Fjordane byter Hamre jobb. Ho vil difor ha sin siste arbeidsdag på fylkesmannskontoret 10. august.
Hamre vart i Statsråd fredag utnemnd til ekspedisjonssjef for regionalpolitisk avdeling i Kommunal- og moderniseringsdepartementet.
Regionalpolitisk avdeling har ansvaret for å følge opp regjeringa sine mål for regional- og distriktspolitikken. Eksempel på oppgåver er å jobbe med å utvikle regionalpolitikken i dei nye fylkeskommunane. Og å koordinere nordområdepolitikken.
– Det handlar rett og slett mykje om å utvikle politikken i distrikta, seier Hamre.
Kommunal- og moderniseringsdepartementet har bede assisterande fylkesmann Gunnar O. Hæreid fungere som fylkesmann i Sogn og Fjordane frå 13. august og fram til samanslåinga av fylkesmannsembeta i Sogn og Fjordane og Hordaland 1. januar 2019.
Kommentarer til denne saken