Sanner vil lytte om Fylkesmannen

REGIONKVINNE? Fylkesmannen (her ved Anne Karin Hamre) kan få hovudsete i Sogn og Fjordane i ein Vestlandsregion.

REGIONKVINNE? Fylkesmannen (her ved Anne Karin Hamre) kan få hovudsete i Sogn og Fjordane i ein Vestlandsregion. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

REFORM: Lovar å vektlegge fylka sine ønske om struktur.

DEL

– Eg vil vektlegge fylka sine vurderingar og ønske også i dei kommande avgjerdsprosessane, mellom anna knytt til lokalisering av fylkesmannsembeta, skriv kommunalminister Jan Tore Sanner (H) i ein epost til Firda.

Han svarar også på spørsmål om overføring av arbeidsoppgåver slik:

– Når det gjeld overføring av statlege oppgåver, så tar regjeringa sikte på å legge fram ein plan for dette før jul, i tråd med ein avtale med Venstre i Stortinget.

Om før jul betyr før Fylkestinget i desember er ikkje sagt, men dersom lista er meint for å lokke senterpartistar til å røyste for avtalen, så må oppgåvene vere klare så tidleg som mogleg.

Fylkesmann Anne Karin Hamre vil ikkje ta noko på forskot, og viser til at det framleis er ein lang veg å gå før avtalen er i hamn. Ho er no i ferd med å gje tilbakemelding på endringar i fylkesmannsstrukturen. Fleire modellar er vurderte, men dersom det blir ein Vestlandsregion erkjenner ho at ei samling av fylkesmannsembeta er ein naturleg konsekvens. Dersom Sogn og Fjordane ikkje blir slått saman, kan ho finne på å melde tilbake at også Fylkesmannen bør halde fram her.

– Vi må uansett ha ein desentralisert modell for å halde på den nære kontakten med kommunane, seier ho.

Kva seier så ministeren om sjansen for at Sogn og Fjordane får halde fram åleine? Og ser han på intensjonsavtalen som eit verkty for å slå oss saman uansett? Svaret er ikkje til å bli klokare av:

– Stortinget har slått fast et mål på om lag ti nye folkevalde regionar, og ber om at regjeringa legg fram eit samla og balansert forslag til ny regionstruktur våren 2017. Dei fylkeskommunale vedtaka om samanslåing vil her stå heilt sentralt.

Artikkeltags