Sju kommunar får litt ekstra av Fylkesmannen

Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

FYLKET: Siste rest av skjønnsmidlane for 2016 er fordelt.

DEL

I år var det sett av nær 10 millionar av skjønnsmidlane til seinare fordeling. Av desse er 4,3 millionar brukte som fornyingsmidlar. No er resten fordelt.

Naustdal og Vågsøy får mest med 900.000 kroner kvar. I Naustdal er grunngjevinga at kommunen hadde 4 millionar i underskot på veg inn i 2016, og at store utgifter til barnevern i løpet av året kjem til å auke underskotet. Pengane skal brukast til omstilling og inndekning av underskot.

I Vågsøy er grunngjevinga svak vekst som følge av folketalsutvikling og bortfall av inntekter på 3,4 millionar årleg (midlane var kompensasjon i ein overgangsperiode). Tildelinga er meint å vere ein buffer for 2017, samtidig som kommunen må gjere tiltak sjølv for å tilpasse seg nye rammer.

Skjønnsmidlar 2016

  • Førde (prosjektmidlar*) 1.600.000
  • Naustdal 900.000
  • Vågsøy 900.000
  • Selje 500.000
  • Gaular 500.000
  • Hornindal 500.000
  • Hyllestad 400.000
  • Solund 390.000

* Pengane som er oppført på Førde går eigentleg til den nye kommunen i form av prosjektmidlar.

Selje, Gaular og Hornindal får 500.000 kroner kvar. Selje hadde eit underskot ved inngangen til 2015 på 12,3 millionar, og har klart å redusere dette til 11,5 millionar i løpet av 2015. Målet er å ta resten neste år, og skjønnsmidlane er meint å bøte på støyten som tenestetilbodet må ta.

Gaular får pengar fordi det er ein Robek-kommune med underskot på 4,9 millionar kroner.

I Hornindal skal pengane i hovudsak kompensere for dårleg folketalsutvikling. Sjølv om økonomien er i balanse, har det vore utfordrande med knappe ressursar i oppvekstsektoren. Pengane skal også bidra til arbeidet med samanslåing med Volda.

Både Solund og Hyllestad får pengar for å kompensere for svak folketalsutvikling og sårbar økonomi.

Pengane som er oppført på Førde går eigentleg til den nye kommunen i form av prosjektmidlar.

Artikkeltags