Førebels ingen tapskompensasjon for fylket

Gunhild Berge Stang (V)

Gunhild Berge Stang (V) Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

For at det fylkeskommunale budsjettet skal gå opp, er vi avhengige av kompensasjon for endringar i inntektssystemet, men dette er ikkje med i proposisjonen for neste år.

DEL

– Dette er som venta. Det neste som skjer er at vi ser om regjeringa legg fram noko i budsjettet til hausten. Det skjer truleg ikkje, så då må venstre forhandle det fram i budsjettavtalen, seier fylkesleiar i Venstre Gunhild Berge Stang.

I fjor lykkast KrF og Venstre med å få kompensasjonen med i budsjettet etter forhandlingar i Stortinget.

– Det handlar om prioriteringar. Vi må bruke ein del forhandlingskapital på dette som vi gjerne skulle brukt på andre ting, men vi har prioritert denne kampen, seier Stang.

For å nå fram trur ho det er viktig at pengane blir brukt slik dei er tenkt.

– Vidaregåande opplæring har vore hovudargumentet, seier Stang.

Ho viser også til ein merknad i fjorårets statsbudsjett som la skildra det nye fylkeskommunale inntektssystemet som utfordrande for vidaregåande opplæring

Stang kjem også med eit stikk til Høgre og Frp som meiner tapskompensasjonen skal forhandlast om i Stortinget.

– Noralv Distad (H) sa i finansutvalet at han meiner regjeringa har sympati for utfordringane våre. Då sa eg at eg rekna med at Høgre og Frp sikra det i budsjettet, men signalet eg fekk var at det skjer ikkje, seier Stang.

I staden må politikarane bruke forhandlingsmakta si til å nå fram i Stortinget, og prioritere tapskompensasjon framfor andre tiltak for fylket.

Artikkeltags