I august kjem Fjord1-saka for retten

Per Sævik

Per Sævik Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

28. august må fylkeskommunen sitt selskap F1 Holding AS møte i retten.

DEL

Per Sævik sitt selskap Havilafjord AS stemna fylkeskommunen og F1 Holding AS for retten etter bråket om salet av Fjord1-aksjone i fjor.

Saka skal opp i Sogn tingrett i slutten av august, men skal gå føre seg i lokala til Fjordane tingrett i Førde.

– Dette er av praktiske årsaker, både med tanke på lokalet og at dommaren sit her, seier sakshandsamar Inger Huus.

Det er sorenskrivar Terje Mowatt som skal dømme i saka mellom F1 Holding AS og Havilafjord AS.

Artikkeltags