Endra næringsforhold, klimaendringar og havørn gir færre måse

TRUGA: Måsen slit. I løpet av dei siste 30 - 40 åra har måsebestanden gått sterkt tilbake.

TRUGA: Måsen slit. I løpet av dei siste 30 - 40 åra har måsebestanden gått sterkt tilbake. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

SAMFUNN: Dei siste 30–40 åra har måsebestanden gått sterkt tilbake. Klimaendringar, endringar av næringsforhold og havørna er nokre faktorar som bidreg til færre måse, ifølgje naturforskar.

DEL

Den vesle måsefuglen krykkje var tidlegare ein av dei vanlegaste fuglane langs kysten. No er dette måsearten det står dårlegast til med.

Ifølgje seniorforskar Svein-Håkon Lorentsen ved NINA (Norsk institutt for naturforsking) har hekkebestanden gått tilbake med 80 prosent sidan 80-talet.

– Om krykkja får lite næring på vinteren og har dårleg kondisjon, er dei mindre motiverte til å hekke om våren, og dei toler dårlegare forstyrringar frå til dømes havørna, seier han til NRK.

Lorentsen fortel at måsar generelt ofte blir forstyrra i skjergarden og langs kysten av mink og andre rovdyr. Difor trekker dei inn til byane kor det er meir mat og fred.

– Måsane føretrekker hustak i byane som fungerer som ei øy kor dei er beskytta frå rovdyr. I tillegg har dei tilgang på mat i form av boss i byane, seier Lorentsen.

Han oppfordrar folk til å la måsane vere i fred.

– Folk må akseptere måsane. Om du er ute i båt så ikkje gå i land på ein måsekoloni, og hald deg unna område der dei har reir, seier han.

Artikkeltags