– Eit under at ho klarte seg

Her går salva av rundt kråka...

Her går salva av rundt kråka... Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Dynamittkråka klarte seg. Om ho har alle fjørene intakt, er eit anna spørsmål.

DEL

Det er 12. oktober, og arbeidet med å sprenge på Flatholmen i Kalvåg går sin gang. Oppe på terrassen sin har Kjell Aga Ulvestad panoramautsikt til arbeidet som pågår med å byggje nye kaier, rundt 300 meter frå huset sitt.

Oppdaga kråka etterpå

– Eg høyrde sirenestøyta starte, som varslar om at sprenging er nært foreståande. Så eg henta kjapt kameraet, rigga meg til ute på terrassen og tok ein bildeserie då salva gjekk av. Litt seinare sette eg med ned ved datamaskina og lasta inn bileta for å sjå på dei. Eg såg med ein gong ein litt merkeleg flekk i motivet, og då eg zooma inn litt, fekk eg nesten sjokk, seier Kjell Aga Ulvestad til Firdaposten.

... krafta frå dynamittsalva kastar den stakkars fuglen til vers, med steinregnet rundt seg ...

... krafta frå dynamittsalva kastar den stakkars fuglen til vers, med steinregnet rundt seg ... Foto:

Då oppdaga han at sprengingsområdet slett ikkje hadde vore heilt tomt for levande vesen. Midt på holmen hadde det sete ei einsleg kråke, som ikkje heilt forstod kva sirene-støyta betydde. Brøkdelen av eit sekund seinare hadde ho lært leksa. I ei sky av støv, grus og stein blei kråka kasta til vers, flaksa vilt rundt – og på mirakuløst vis, manøvrerte ho seg ut av infernoet.

... men på mystisk vis kjem ho seg høgt nok og flyg bort frå holmen.

... men på mystisk vis kjem ho seg høgt nok og flyg bort frå holmen. Foto:

Uskadd

– Eg tenkjer, stakkars fugl. Ho må ha fått sitt livs sjokk. Men då ho flaug bort, såg ho faktisk uskadd ut. Om ho hadde alle fjørene intakt, skal eg likevel ikkje garantere. Det er mogleg at kråkene ikkje fann opp krutet, sjølv om dei visstnok skal vere smarte. Men denne sat i alle fall vel nærme då det small,  slår fotografen fast.

Sprengingsarbeidet på Flatholmen går no mot slutten. «Kråkesalva» var den tredje i rekkja, og om kort tid skal den fjerde og siste større sprenginga utførast. Den går truleg utan vår kråke.

Artikkeltags