Frivilligprisen til Knut Skår og redningshundane

VINNAR: Vinnar av Frivilligsprisen Knut Skår frå Norske Redningshunder mottok den nasjonale Frivilligprisen 2019 frå kulturminister Trine Skei Grande torsdag.

VINNAR: Vinnar av Frivilligsprisen Knut Skår frå Norske Redningshunder mottok den nasjonale Frivilligprisen 2019 frå kulturminister Trine Skei Grande torsdag. Foto:

Av

Årdølen Knut Skår frå Norske Redningshunder har fått den nasjonale Frivilligprisen 2019.

DEL

Norske Redningshunder er ein av Norges største frivillige redningsorganisasjonar, og trenar hundar og førarar for teneste under redningsaksjonar.

– Norske Redningshunder er tufta på frivillig arbeid. I eit miljø med mange engasjerte frivillige, står Knut fram som ein bauta. Han er med i alle deler av Norske Redningshunder – alt frå kasserer i lokallaget til styreleiar nasjonalt. Han er sjølv med på over 30 redningsaksjonar gjennom året og jobbar kontinuerleg med å utdanne nye hundeførarar. Knut og hans medfrivillige gjer rett og slett Norge tryggare, sa juryleiar Heikki Eidsvoll Holmås på prisutdelinga torsdag.

Den nasjonale Frivilligprisen blei i år delt ut for 25. gong. Prisen blei delt ut på Frivilligheit Noregs arrangement Frivilligdagen i Oslo. Norsk Tipping gav 50.000 kroner til formålet til prisvinnaren.

I tillegg til Frivilligprisen, blei desse prisane delte ut:

Årets nykommar i det frivillige: Kine Sliper, frivillig i ROS-rådgiving om eteforstyrringar i Trøndelag

Årets frivilligkommune: Flekkefjord kommune

Helseprisen: Prosjektet «Ekspedisjon 2019» og Stiftelsen Veien Ut, Drammen, Buskerud

Artikkeltags