No får dei innføre parkeringsavgift ved Hafstadfjellet

Bruland utmarkslag vil innføre parkeringsavgift ved tømmerplassen under Hafstadfjellet, og skreiv brev til kommunen om løyve til dette. Kommunen har ingen innvendingar. Biletet er frå i sommar, då tømmerplassen var stengt grunna tømmeravverking.

Bruland utmarkslag vil innføre parkeringsavgift ved tømmerplassen under Hafstadfjellet, og skreiv brev til kommunen om løyve til dette. Kommunen har ingen innvendingar. Biletet er frå i sommar, då tømmerplassen var stengt grunna tømmeravverking. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

Bruland utmarkslag ved Arne Høisæter sende 30. september eit brev til Førde kommune der dei gjorde merksam på at utmarkslaget hadde vedteke i eit medlemsmøte to dagar før, å innføre avgiftsparkering på velteplassen i Pinndalen.

Utmarkslaget har etter veglova § 56 bede kommunen om løyve til parkeringa, og har vidare bede om attendemelding.

Les også: Vil innføre p-avgift på velteplass

Kan brukast som grunneigarane ønskjer

Kommunen har motteke ein kopi av eit brev frå Fylkesmannen, sendt Arne Høisæter der følgjande blir skrive om parkeringsavgift:

«Velteplassen i starten av Skavdalsvegen på Bruland er eigd og finansiert av grunneigarane, mellom anna gjennom at dei har motteke statleg skogsvegtilskot. Primært skal plassen brukast som opplagsplass for tømmer når det er skogsdrift i området. Så lengje det ikkje er skogsdrift kan grunneigarane bruke plassen som dei ønskjer»

Vidare avsluttast brevet: «Sidan vedlikehald av velteplassen, inklusive merking og skilting, vert utført og betalt av grunneigarane, er det ikkje noko i vegen for at dei regulerer og eventuelt tek avgift på parkering på plassen.»

Må avgjere sjølve

I sitt svar til Bruland tmarkslag skriv Plan- og byggesjef i Førde kommune, Odd Harry Strømsli at parkeringsavgift ikkje kan likestillast med bompengar knytt til ferdsel på privat veg, og at han ikkje kan sjå at kommunen verken har heimel til å godkjenne, stille vilkår eller å avslå innføre parkeringsavgift.

Både friluftslova og veglova gjev vidare private eigarar heimel til å forby allmenn motorisert ferdsel på og parkering langs/på private vegar.

– Om ein har heimel til å krevje parkeringsavgift, er eit privatrettsleg spørsmål, som utmarkslaget sjølve må greie ut, skriv Strømsli, som gjer det klart at kommunen ikkje har ytterlegare merknader til saka.

Firda har forsøkt å få kommentarar frå Arne Høisæter i utmarkslaget, utan å lukkast.

Artikkeltags