Naturen overskygga høgdeskrekken

Artikkelen er over 2 år gammel

STRYN: Dronning Sonja fortalte ivrig om fjellturar i Sogn og Fjordane då ho vart intervjua av Arne Hjeltnes og andre journalistar under opninga av Loen Skylift.

DEL

Dronning Sonja stilte til intervju med Arne Hjeltnes om turar i fjellheimen rundt Loen etter avdukinga av minnesmerket «Fotspor» ved kartpunktet på Hoven.

Les også: Dronninga opna ei av verdas brattaste gondolbaner

Ho fortel at ho hadde sin første tur her allereie i 1979.

Eitt av spørsmåla gjekk på høgdeskrekk. Dronninga har tidlegare uttalt at ho har litt høgdeskrekk, og Hjeltnes lurte på korleis turen opp med ei av verdas brattaste gondolbaner hadde gått.

– Det gjekk fint. Det var ein jamn og fin tur, og naturen var fantastisk, sa Dronning Sonja.

Ho la smilande til at ho ikkje kom til å gå heilt ut på kanten når dei seinare skulle ut på takterrassen.

Dronninga fekk også spørsmål om korleis ho trudde turen ned att kom til å bli.

– Det skal nok gå bra. Det er fantastisk å sjå utover her. Og skulle det bli for ille får eg sjå ned i golvet litt, men eg trur nok det går bra, sa Dronning Sonja.

– Utruleg og eineståande

Dronninga fekk også spørsmål om kva ho synst om det dei har fått til med Loen Skylift.

– Det er kjempeflott. Ei utruleg oppleving å stå her og kunne sjå seg rundt i 360 grader. Det er imponerande det dei har fått til her. Ganske utruleg og heilt eineståande. Det er også fint at anlegget her gir så mange menneske moglegheita til å oppleve dette, sa Dronning Sonja.

På spørsmål om ho ville ta med seg heile familien hit svarte ho at det nok ikkje blei i sommar, men at ho gjerne kunne tenke seg det ein annan gong.

Ho fortalde også at ho i 1993 hadde hatt med seg gjestar til området, og at ho gjerne gjer det igjen.

FORTALDE IVRIG: Dronning Sonja fortalde ivrig om fjellturar i fylket då ho vart intervjua av Arne Hjeltnes.

FORTALDE IVRIG: Dronning Sonja fortalde ivrig om fjellturar i fylket då ho vart intervjua av Arne Hjeltnes. Foto:

Turar gir pusterom

Dronning Sonja fekk også spørsmål om andre turar i fylket som ho har sett pris på. Ho fortalde at ho hadde vore både i innlandet og på kysten, og hugsa mellom anna godt fjellturen på øya Alden i Askvoll.

– Vi har eit veldig spennande land med mange moglegheiter til å komme seg opp i høgda og ut på kysten. Det er høve til flott opplevingar nærast over alt.

Dronninga fortalde også at det å vere ute i naturen gir ho mykje.

– Eg tenker betre når eg er ute og går. Det gir også ei kontrast, eit pusterom, sa Dronning Sonja.

På spørsmål om kva ho tenker om at det blir laga slike anlegg i urørt natur, svarte ho at det alltid vil vere diskusjon i slike tilfelle, men la til at vi har så mykje urørt natur her i landet at vi må vere litt rause der.

Helsing til Astrup

Dronning Sonja kjenner også til at det i kveld skal opne ei ny utstilling på Astruptunet.

Dronninga bad journalisten ta med ei helsing.

– Det er imponerande kva dei har fått til der, sa Dronning Sonja.

Ho var med då Astruputstillinga i fjor var i London, og kjenner godt til kunstnaren frå Jølster.

Artikkeltags