500.000 kroner til prosjekt som skal få unge ut på tur

VIL AUKE AKTIVITET: Sogn og Fjordane turlag har fått 500 000 kroner til prosjektet «ung meistring», som skal auke fysisk aktivitet hos unge.

VIL AUKE AKTIVITET: Sogn og Fjordane turlag har fått 500 000 kroner til prosjektet «ung meistring», som skal auke fysisk aktivitet hos unge.

Artikkelen er over 1 år gammel

HELSE: Sogn og Fjordane Turlag får ein halv million kroner frå Gjensidigestiftelsen til prosjektet Ung Meistring.

DEL

– Dette er svært gledeleg, då det er ei auka interesse for randonné og kajakkpadling!

Det seier leiar for Sogn og Fjordane Turlag, Astrid Kalstveit i ei pressemelding.

Ung Meistring er eit prosjekt som skal auke fysisk aktivitet hos ungdom mellom 16 og 18 år.

Sogn og Fjordane Turlag står bak prosjektet, som går ut på å kjøpe inn og låne ut kajakkar og randonnéutstyr til turglade ungdommar i heile fylket. Organisering og praktisk administrasjon skjer i eit samarbeid med lokallaga.

Fysisk aktivitet og tilbod som inkluderer fleire

Ved å ha utstyr tilgjengeleg for utlån og utleige vil dei få endå fleire med på tur. Ut ifrå erfaringar frå andre turlag, har dei håp om at dette blir populært og mykje brukt.

– Turlaga som får kajakkar tilgjengeleg vil arrangere kajakkurs og fleire kajakkturar der ein kan lære trygg åtferd i det våte element. For dei turlaga som investerer i ski og skiutstyr så vil det vere fokus på trygg og rett bruk på eigne turar og ved å arrangert teknikk og skredvettdagar, står det i pressemeldinga.

Indre Nordfjord Turlag og Sogn Fjordane Turlag har hatt suksess med utlån ski i samarbeid med lokalt skisenter. Luster Turlag og Sogndal Turlag har naust og utleige kajakkar og dette tilbodet er også mykje nytta. Snart vil det vere tilsvarande tilbod i Ytre Nordfjord.

Hjørdis Vik i gåvestyret til Gjensidigestiftelsen meiner prosjektet er spennande, både fordi det gjer inngangsterskelen til populære friluftsaktivitetar lågare og fordi det bidreg til eit større mangfald av aktivitet i fylket.

– Utstyr er ein føresetnad for å drive med denne type friluftsliv. DNT har vist god gjennomføringsevne gjennom midlar dei har fått tidlegare, og vi ser at denne typen prosjekt kan vere viktige bidragsytarar for å få med fleire ut på tur.

Artikkeltags