Hyttenaboane er leie av at kommunen ignorerer dei - trugar med rettssak

– Vi skriv brev etter brev, og vi får ikkje svar. Vi kjenner oss uforskamma behandla, og får vi ikkje snart eit møte med kommunen og får vite kva som skjer, får vi gå andre vegar, seier Sverre Farsund, styreleiar i Nesjane Hyttegrend.