Hotelldirektøren fann tre ugler i skorsteinen

Dette er den tredje av tre kattugler Grov fann i skorsteinen.

Dette er den tredje av tre kattugler Grov fann i skorsteinen. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Hjartet hoppa over eit slag då Richard Grov oppdaga uglene i skorsteinen.

DEL

Like før påske høyrde Richard Grov nokre rare lydar heime hos seg sjølv. Men hotelldirektøren visste råd då det viste seg at lydane kom frå skorsteinen i huset til nordfjordingen.

– Eg høyrde kvar det kom frå, og eg tenkte med meg sjølv at det måtte vere snakk om ei ugle, seier Grov med latter i stemma til Firda.

Vettskremd

For då hotelldirektøren på Hotel Alexandra fekk late opp sotluka i skorsteinen, kom det flygande ei overrasking. Ut kom nemleg ei stor ugle.

– Du kan trygt seie at eg fekk hjartet i halsen, seier Grov.

Men overraskingane stod i kø for den røynde forretningsmannen. I det han hadde sett den første ugla sveve over hovudet på seg, kom bølgje nummer to.

Ikkje berre éi ugle

– Nummer to fekk eg midt i fleisen. Den skremde vettet av meg. Det er overraskande at eg ikkje fekk hjarteinfarkt, seier Grov. Men far i huset var ikkje den einaste som fekk kjenne hjartet hoppe over eit slag.

– Sonen min sprang av garde som ei pil. Men det er då ikkje så rart, når det kjem ein fugl med over ein halvmeter vengespenn flygande rett over hovudet på ein.

Ugla søkt tilflukt bak varmepumpa i huset til Grov, som såg sitt snitt til å fiske fram kamera. Men på veg bort for å få sikra seg blinkskotet, såg Grov at det framleis rørte på seg inne i skorsteinen.

– Der sat den tredje ugla. Den fekk eg teke eit bilde av. Eg kan ikkje forstå korleis dei har fått plass der nede alle tre, seier Grov, som sjølv trur det var kattugler han hadde besøk av.

Hotelldirektør på Hotel Alexandra, Richard Grov (t.v.)

Hotelldirektør på Hotel Alexandra, Richard Grov (t.v.) Foto:

– Men det har ikkje vore noko problem etter at vi fekk dei ut. Der ligg att litt fjør og ugleskit, men fuglane har vi ikkje sett, seier han.

Storutbygging

Grov sjølv er nok meir oppteken av utbygging enn fugl om dagen. Saman med dei andre i Hoven Loen er bygginga av den nye turistattraksjonen i Loen i opptrappingsfasen.

– Du kan trygt seie at vi girar opp no. Entreprenøren er godt i gang med fjordstasjonen, og ein har fått laga til ein del av området der restauranten skal vere på toppen, seier Grov.

Målet er at både gondolbana og restauranten på toppen skal stå ferdige og vere klar til opning i byrjinga av mai neste år.

– Det blir ein hektisk byggjeperiode framover. Men eg trur vi skal vere klar i tide, seier Grov.

Gondolbana skal gå «i land» på 1011 meter over havet, den samla lengda på bana vert på 1571 meter frå fjorden.

Prosjektet kostar like over 200 millionar kroner.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken