Majorstuen med nytt album

NYTT ALBUM: Majorstuen, med jølstringen Synnøve S. Bjørseth, slepp sitt 7. album denne veka.

NYTT ALBUM: Majorstuen, med jølstringen Synnøve S. Bjørseth, slepp sitt 7. album denne veka. Foto:

KULTUR: Etter suksessen med førre prosjekt, fugleinspirerte Kvitre, fekk dei fem bandmedlemmene smaken på eit nytt konseptalbum.

DEL

Denne gangen er det bokormane i ensemblet som har fått bestemme neste kapittel i Majorstuen-sagaen. Albumet heiter Skrible og inneheld 13 nye komposisjonar inspirert av alt frå smusslitteratur til nasjonalpoesi, heiter det i ei pressemelding.

– Gjennom litteraturen kan ein leve i parallelle univers, og på akkurat same måten kan eg ha det med musikk, skriv ein av medlemmene i folkemusikkgruppa, jølstringen Synnøve S. Bjørset.

– Med så mange ulike inspirasjonskjelder blir Skrible difor ei underleg og litt surrealistisk reise, samtidig som det musikalske språket vårt – folkemusikken – er eit trygt reisefølge, utdjupar.

Albumet er Majorstuen sitt sjuande i rekka, og blir sleppt fredag 16. mars. Dette blir markert med ei Norgesturne som startar i Rendalen 13. mars. Men gruppa kjem ikkje til Sogn og Fjordane i denne omgang, nærmaste stopp er Volda i nabofylket i nord, går det fram av pressemeldinga.

Artikkeltags