Lauri tok sin første utanlandstur aleine, for å møte Benjamin - og få med seg Rockne Bowl

FØRSTE MØTE: Benjamin Bruflot Teigen og Nederlandske Lauri Pronk blei kjent gjennom spel på internett. På laurdag besøkte Pronk Førde for å få med seg Rockne Bowl i Førdehuset.

FØRSTE MØTE: Benjamin Bruflot Teigen og Nederlandske Lauri Pronk blei kjent gjennom spel på internett. På laurdag besøkte Pronk Førde for å få med seg Rockne Bowl i Førdehuset. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

FØRDE: Lauri Pronk frå Nederland og Benjamin Bruflot Teigen møttes på internett. No er Pronk i Førde for å sjå når han spelar på Rockne Bowl.

DEL

Lauri Pronk (23) frå Nederland møtte Benjamin Bruflot Teigen (16) på internett for 10 månadar sidan. Laurdag traff dei kvarandre for første gong, i Førde.

– Vi blei kjent via felles interesse for dataspel. Det starta med at kjærasten min kom i kontakt med ein ven av Benjamin på internett, og slik enda det opp med at vi alle saman spela i lag. Spelet heiter «Player battlegrounds unknown», fortel Pronk.

Var nervøs

Sidan dei fekk kontakt på internett har dei helde nesten dagleg kontakt via sosiale medium, som snapchat, men laurdag var første gong dei såg kvarandre ansikt til ansikt.

– Dette er første gong eg har truffe nokon som eg berre har snakka med på internett på førehand. Eg var veldig nervøs for det i byrjinga, men det har gått heilt fint, seier Pronk og smiler.

Teigen var også ganske spent i forkant av møtet.

– Eg trudde ikkje heilt på det i starten, men eg synest det var stilig at ho ville komme, seier han.

Sende video frå Førde

Pronk planla å reise til Norge i sommar, som ein ferietur. Men Teigen viste henne ein video frå fjorårets Rockne Bowl, og det fikk Pronk til å framskunde turen sin.

– Det virka berre så stilig med den amerikanske kulturen, fotballen og stemninga, seier Pronk.

Laurdag var ho med som heiagjeng i Førdehuset.

– Eg håpar ho synest det var kjekt med kamp, seier Teigen.

Siger til «the eagles»

Det synest i alle fall Førdeguten. For laget hans gjekk sigrande ut av den spektakulære kvelden, då «Øyrane Eagles» vann over «Hafstad Bears» med sju poeng.

– Kampen var veldig spennande. Eg studerte reglane før eg kom hit, slik at eg skulle vere litt førebudd, seier Pronk.

Norges styggaste by?

Ho har vore utanlands før, men aldri åleine.

– Eg har vore på ferie med familie og slikt, men eg har aldri reist aleine før. Desto meir spenning når ein skal treffe nokon for første gong, seier Pronk.

– Då eg kom til flyplassen i Oslo var alt veldig stort og litt skremmande, så det var litt morsomt då eg kom til den lille flyplassen på Bringeland. Eg hadde ikkje forventa ein så liten flyplass. På førehand blei eg fortalt at Førde var kåra til Norges styggaste by, men det trur eg ikkje at eg er samd i, avsluttar ho.

Artikkeltags