Redningsselskapet har hatt 422 fleire oppdrag sommarmånadane samanlikna med i fjor

PÅ OPPDRAG: Redningsskøyta Ruth Opsahl. I mai til og med juli har Redningsselskapet rykt ut på 3889 oppdrag.

PÅ OPPDRAG: Redningsskøyta Ruth Opsahl. I mai til og med juli har Redningsselskapet rykt ut på 3889 oppdrag. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

FRITID: Promillekøyring er ein av faktorane som går igjen.

DEL

Det melder organisasjonen MA – Rusfri Trafikk i ei pressemelding.

Førebelse tal frå Redningsselskapet viser at dei i år har hatt 3889 oppdrag i mai, juni og juli. Dette er 422 fleire oppdrag enn på same tid i fjor.

Dei har hjelpt 241 båtar som har gått på grunn og redda 23 personar frå å drukne. Redningsselskapet opplyser at det også er mange personar som har drukna i sommar fordi det har vore mykje bading og mykje båtkøyring.

– Tala frå Redningsselskapet viser at mange vert lokka ut på sjøen når det er stabilt godt vêr, og at fleire av desse har manglande kompetanse og erfaring, seier Elisabeth Fjellvang Kristoffersen, generalsekretær i MA Rusfri Trafikk.

Ifølge båtbransjeforbundet Norboat har tal båtar i norske husstandar auka med i underkant av 200.000 sidan 2011. Per i dag er promillegrensa for fritidsbåtførarar 0,8, medan den for bilførarar er 0,2.

– Vi meiner det er eit viktig tiltak for trafikktryggleiken på sjøen å sette ned promillegrensa til 0,2. Vi ønskjer også fleire ressursar til hyppigare politikontrollar langs kysten, seier Kristoffersen.

Artikkeltags